Åpne hovedmenyen

Ikkepedia β

Star Wars Episode III: Revenge of the Sith

Yoda Claus ringar premieren inn.

Star Wars Episode III: Revenge of the Sith er ein nynorsk familiekomedie om galaktiske verdiar. Filmen er regissert og produsert av rørleggaren Odd Nordstoga.

HandlingRediger

Obi-Wan, Palpatine og Boba Fett står fram som forkjemparar for intergalaktisk bigamisk ekteskap for folk av same kjønn, og gifter seg. Mace Windu utfører sjølvmord i depresjon over at Padmè nektar å smugle han meir narkotiske stoff frå Naboo, narkotiske stoff som er ulovlege grunna deira høge innhald av tørka gungarskinn. Jar Jar sigrar over Yoda i ein lyssabelduell, og blir den nye store meistaren i rådet, og tek over treninga av Anakin når Obi-Wan blir utvist for sine seksuelle eskapadar med dusørjegere og sithlordar.

Bail Organa sprenger Alderaan eigenhendig, i vilt raseri over å ha blitt avvist av Palpatine, som han lenge har hatt eit hemmeleg crush på, og startar bygginga av ei dødsstjerne, i samarbeid med den rike sjokoladefabrikkarvingen Wilhuf Tarkin.

Grev Dooku tek over som sithlord etter Palpatines abdisering og erklærer at "The Grey Side Will Conquer Everything", og startar i samarbeid med Jar Jar ei ny sekt som slår saman dei mest sentrale elementa frå dei to religionane - grunnleggande filosofi: "The more, the merrier".

Samtidig muterast ein midichlorian i hjernen til Anakin til ein larve, som klekkes ut av bakhovudet på han. Larven blir spist av ein forbipasserande hund, som vil få ein eigen oppfølgjerfilm: "Dog Wars Episode I: Who Let the Force Out?"

R2-D2 blir øydelagd då ein wookiee ved eit uhell skyter han i fillebitar. Restane blir brukt til å erstatte delane av Anakins hjerne som blei øydelagd av larven.

Padmè føder to små jenter med mistenkeleg grøn hudfarge.

Filmen kulminerer i eit gigantisk festmåltid der Qui-Gon Jinn kjem tilbake til jediane, reinkarnert som ein astmatisk jawa med pukkelrygg, og erklærer at galaksen no vil gå inn i ein fredsfylt epoke. Talen inkluderer høgdepunkt som: "I was never really all that dead" og "This spaghetti tastes slightly dry".

Scene skifter til verdsrommet der C-3PO, kledd i sithutstyr, forlet Coruscant i eit romskip, mens han ler vondskapsfullt.

itlleg suger filmenesåjævlig at vinomredigerer den til "fittwars"